Frå idé, grafisk design, eigen produksjon og montering - til eit komplett ferdig produkt. I snart 40 år har vi levert skilt- og dekorprodukt til store deler av Nordvestlandet. Med høg servicegrad og kompetanse gjer vi vårt ytterste for at kunden får det han skal ha, til rett tid og til rett pris.
Vi leverer profileringstenester og reklamemateriell for bedrifter, lag og organisasjonar, (i tillegg til privatmarknaden) som har ønskje om å verte meir synlege og bygge merkevare og identitet.
Vi har vår base i Volda, men nedslagsfeltet vårt er heile Nordvest-landet. Vår kompetanse lokalt, saman med våre samarbeidspartnerar, gjer at vi kan takle dei aller fleste oppdrag. Alt frå enkle skilt og visittkort til komplette løysingar.
SKILT – PROFILERING – PRINTING – STORFORMAT – BILREKLAME – DESIGN – ILLUSTRASJON - TEKSTILTRYKK
Vi har i ei årrekke levert dekor i alle forskjellige variantar til russen, og det aktar vi å halde fram med i år også!
Om det gjeld russebildekor, genserar, trykk til russedressen, plakatar eller klebemerke stend me klare til å levere det de treng.
Berre ta kontakt, så blir det gjort!
Vi leverer og monterer dei aller fleste skilt-typer og løysingar både inne og ute.
Eksempelbildet er frå Europris på Nordfjordeid der vi hadde monteringa.
Bil-dekor har vi styrt med i "alle år".
Alt frå eit enkelt, lite motiv til heilfoliering av bilar. Det siste er at vi har begynt å rekonstruere dekor til bilar og køyrety.
Og desse oppdraga kjem frå heile landet.
Det er mange kjempeflinke hobbyfotografar rundt om. Saman med at gode mobilkamera har blitt allemannseige kan no alle ta gode bilde.
Vi kan printe bilda ut i storformat på plate og du har ein flott og stilfull dekorasjon på veggen din. Enten det er på kontoret, i stova heime eller på barneromet.
Takk for tilbakemelding og rask levering som vanleg 😊
Roar Vikene / Volda Næringsforum
Det de har levert er engasjerande, opplysande og interessant for dei besøkande, og har skapt mykje av miljøet på Kometland! Hjå dykk veit eg at eg finn folk som eg kan samarbeide med og som forstår kva eg driv med, og veit kva eg vil ha!
Knut B. Aarseth / Kometland
Copyright © 2020 IK reklame AS
Med einerett
Me veit du sikkert er lei av å sjå desse, men dette nettstedet brukar altså informasjonskapslar. Ved å klikke på "Godkjenn" samtykkjer du til vår bruk av informasjonskapslar.